Aller au contenu
Tru og meining i gammal tid
PodcastHistoireNN

Tru og meining i gammal tid

Nouveau127. Håvamål som kjelde til vikingtida. Samtale med historikar Jón Viðar Sigurðsson5 novembre 2026 · 1 h 39 min
Épisodes
127
Parution
toutes les deux semaines
Dernier épisode
5 Nov 2026

À propos du podcast

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. [email protected] Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining

Épisodes 127

  1. 127. Håvamål som kjelde til vikingtida. Samtale med historikar Jón Viðar Sigurðsson

    1 h 39 min

    Håvamål er ei eineståande kjelde til kultur og samfunn i vikingtida. Men kva slag samfunn og normer er det vi møter? Kva var den viktigaste fellesskapen i samfunnet? Kor viktig var venskap? – og kva slag …

    Notes de l’épisode

    Håvamål er ei eineståande kjelde til kultur og samfunn i vikingtida. Men kva slag samfunn og normer er det vi møter? Kva var den viktigaste fellesskapen i samfunnet? Kor viktig var venskap? – og kva slag venskap var det snakk om? Kva med kjærleiken? Dreidde det seg om romantikk eller livberging? Kva rolle spela slektskap? Kva vart rekna som klokskap? Kva rolle spela Håvamål i vikingtida? Og kva har Odin å gjera med alt dette?

    Innspela på Blindern 12.10.2026.

  2. 126. Krigsvarsling: vetesystemet. Samtale med arkeolog Marie Ødegaard

    1 h 3 minÉpisode 126

    Dersom russarane angrip Kirkenes i dag, så kan regjeringa i Oslo følgje med på direkte video. Korleis vart kongen ogforsvaret varsla når danskane angreip på 900-talet? Jo, bøndene sør i landsenden tende bål, og …

    Notes de l’épisode

    Dersom russarane angrip Kirkenes i dag, så kan regjeringa i Oslo følgje med på direkte video. Korleis vart kongen ogforsvaret varsla når danskane angreip på 900-talet? Jo, bøndene sør i landsenden tende bål, og så gjekk det bålvarsel heile kysten oppover. Røykskyene kunne kodast som eit morsealfabet. Eller…. kanskje ikkje. Men kva skjedde når regnskyene låg lågt over landet i vekesvis? Var det ei reserveløysing? Ja. Men korleis dette fungerte, er eit puslespel vi må leggja med brikker av mange slag.

  3. 125. Religion og forteljing. Samtale med religionsvetar Catharina Raudvere

    1 h 22 minÉpisode 125

    Kan religion eksistere utan forteljing? Eller er religion bunden til forteljing? Korleis blir religion spreidd til nye sjeler? Kor mykje kan vi seia om ein religion på grunnlag av berre arkeologisk materiale? …

    Notes de l’épisode

    Kan religion eksistere utan forteljing? Eller er religion bunden til forteljing? Korleis blir religion spreidd til nye sjeler? Kor mykje kan vi seia om ein religion på grunnlag av berre arkeologisk materiale? Kan ord vera handling? Kan ord ha makt? Har alle tilgang til alle sjangrar? Kva er forholdet mellom tekst og praksis? Korleis bør vi resonnere i møtet med religionshistoriske tekstar? Her kjem religionsvetar Catharina Raudvere med nokre tankar om dette basert på folkeleg religion i Norden og folkeleg Islam i Bosnia og Tyrkia.

    Innspela i København 16.6.2026.

  4. 124. Odysseen og gresk religion. Samtale med religionsvetar Christian Hervik Bull

    1 h 44 minÉpisode 124

    Kva vil gudane oss? Vil dei oss vel? Er vi kasteballar og brikker i hendene deira? Er gudane gode? Eller er dei strenge, vrange, lunefulle, urimelege? Er dei på parti med oss? Bør vi leva som dei? Kva slag …

    Notes de l’épisode

    Kva vil gudane oss? Vil dei oss vel? Er vi kasteballar og brikker i hendene deira? Er gudane gode? Eller er dei strenge, vrange, lunefulle, urimelege? Er dei på parti med oss? Bør vi leva som dei? Kva slag moralske krav stiller gudane? – til oss, og til seg sjølve? Kva slag handlingsrom gjev gudane oss? Er alt avgjort av lagnaden? Det var mange spørsmål, og til slutt: Kva svar får vi på dette i tekstane til Homer? – Odysseen og Illiaden? Det skal vi drøfte her i dag.

  5. 123. Stevtradisjonen i Setesdal. Samtale med tradisjonsberar Sigrid Kjetilsdotter Jore

    1 h 54 min

    Eit stev er ein einstrofa song som kommenterer noko. Det kan vera ein situasjon, ein person, noko som har skjedd. Det kan vera ros, visdom eller sjikane eller at du utleverer deg sjølv. I stevet kan du få sagt …

    Notes de l’épisode

    Eit stev er ein einstrofa song som kommenterer noko. Det kan vera ein situasjon, ein person, noko som har skjedd. Det kan vera ros, visdom eller sjikane eller at du utleverer deg sjølv. I stevet kan du få sagt det som ikkje kan seiast elles. Sjangeren finst i heile landet, men står spesielt sterkt i Setesdal. Der har det ein viktig funksjon i både kvardag og fest i dag. Røtene til stevet finn vi i mellomalderen. Men kvifor har eit ord for refreng vorte namnet på denne sjangeren? Og kva har stev med stolpe å gjera?

    Innspela på Hylestad 13.08.2026.

  6. 122. Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Samtale med norrønfilolog Mikael Males

    1 h 46 minÉpisode 122

    Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen av ein tekst som er overlevert …

    Notes de l’épisode

    Korleis kan vi forske på norrøne tekstar? Om det er det faktisk formulert slåande lite – bortsett frå når det gjeld tekstkritikken, som prøver å koma fram til den eldste versjonen av ein tekst som er overlevert i fleire handskrifter. Her skal ein poesiforskar fortelja om si vandring gjennom ulike metodesyn i faget norrøn filologi frå rundt 2000 til i dag. Eg skal supplere frå min kamp for å utvikle eit metodesyn.

    Innspela i Oslo 20.4.2026.

  7. 121. Tanke, terminologi og stadnamn i eit nordnorsk fiskarsamfunn. Samtale med filolog og folkeminnesamlar Finn Myrvang

    1 h 46 minÉpisode 121

    Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa mellom Nordland og Troms – for …

    Notes de l’épisode

    Gammal terminologi og stadnamn er lite utnytta kjelder til tankegang i gammal tid. Her skal vi presentere eit utval ord, uttrykk og stadnamn knytte til sjøen på Andøya, på grensa mellom Nordland og Troms – for å gje eit innblikk i den førmoderne fiskarkulturen der i området. Det blir om straum og vind, landformer langs kysten og nede på havbotnen, ispedd hermer og gode historier. Dette er kulturstoff som er i ferd med å gå tapt.

  8. 120. Irsk mytologi. Samtale med keltolog Nicolai Egjar Engesland

    1 h 38 minÉpisode 120

    Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er …

    Notes de l’épisode

    Irsk mytologi fortel om huldreland vest i havet, slag mellom gudar og demonar, gudinnetrioar, hamskifte, manipulasjon av tida, halshogging, kjelar som gjev nytt liv og evig middagsmat, og druidar som er deklasserte frå det Cæsar fortel om. Men alt er smelta saman med bibelhistorie og annan kristen litteratur, til pseudohistorie. Arkeologien hjelper oss, med ofringar i brunnar, elvar og vatn.

    Innspela i Bergen og Halden 22.6.2026.

  9. 119. Labyrintar gjennom 3000 år. Samtale med forfattar John Kraft

    1 h 47 minÉpisode 119

    I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei er vanleg utbreidde heilt til …

    Notes de l’épisode

    I Norden har vi mange hundre steinlabyrintar av gåtefullt opphav. Dei fleste er frå mellomalderen, men dei har samband med labyrintar i Sør-Europa som er fleire tusen år gamle. Dei er vanleg utbreidde heilt til Sri Lanka, via India, Afghanistan og Kaukasus. På Sunnmøre er det to i 900 meters høgd, men elles i Norden ligg dei fleste ved havet. Her, og berre her, har bruk og bygging av labyrintane pågått heilt inn i moderne tid. Mange har meint mykje om kor gamle labyrintane er og kva funksjon og meining dei har hatt. Noko endeleg svar når vi nok aldri, men her får du emnet presentert av ein som har jobba med det sidan midten av 1970-talet.

  10. 118. Knattleik – eit norrønt ballspel. Samtale med norrønfilolog Ugnius Vizgirda Mikucionis

    49 minÉpisode 118

    Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik. Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags bane, ball eller anna utstyr …

    Notes de l’épisode

    Det finst mange måtar å kaste bort livet på. Den eine er ballspel, og det hadde dei i Norden i mellomalderen, kalla knattleik. Kva slags spel var det? Kva var reglane? Kva slags bane, ball eller anna utstyr vart brukt? Vart det spela både sommar og vinter? Kva rolle hadde spelet i samfunnet? Kor mykje tid vart kasta bort? Og ikkje minst: Kor mange døydde?

  11. 117. Heiden og kristen etikk i den islandske fristaten. Samtale med norrønfilolog Jon Gunnar Jørgensen

    1 h 27 minÉpisode 117

    Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov …

    Notes de l’épisode

    Korleis prøvde ein å førebygge og løyse konfliktar i vikingtida på Island? Det gjaldt eit sett av normer om personleg ære ogfamilieære, alliansar, lojalitet og krav om styrke og handlekraft. Det var ting, lov og rettssaker. Dette kunne fungere, og det kunne føre til tragedie. Med kristendomen kom ein æreskodeks med eit nytt etisk innhald. Her skal vi skissere det gamle systemet og brytinga mellom det gamle og det nye.

  12. 116. Thunder gods around the Baltic. A conversation with ethnolinguist Giuliano Gajetti

    1 h 29 minÉpisode 116

    In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other old gods. Why is that? What …

    Notes de l’épisode

    In Northern Europe, traditions about Þórr, Ukko, Perkūnas, and other thunder gods lasted into modern times. The thunder god survived the shift to Christianity better than the other old gods. Why is that? What made the thunder god special? And which parts of these traditions survived? In today’s episode, we look at these questions in cultures around the Baltic Sea.

  13. 115. Gullgubbar – små og gåtefulle. Samtale med arkeolog Laurine Albris

    1 h 46 minÉpisode 115

    Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er …

    Notes de l’épisode

    Gullgubbar er bittesmå flak av gull, med stempla bilete av personar og ofte gjenstandar. Dei er frå 5-, 6- og 700-talet, og vi har funne bortimot 4000 av dei, frå store delar av Skandinavia. Gullgubbane er blant dei mest gåtefulle funntypane i nordisk arkeologi. Kva viser motiva? Er det gudar eller menneske, kanskje juridiske avtalar? Kvifor finn vi dei ofte i samanheng med stolpehol? Kvifor er dei aller fleste funne på éin stad på Bornholm? Kva funksjon hadde gullgubbane? Kva var vitsen? I denne episoden blir det fleire spørsmål enn svar.

    Innspela i Bergen og Lejre 23.4.2026.

  14. 114. Gammalegyptisk religion. Samtale med religionsvetar Pål Steiner

    1 h 38 minÉpisode 114

    Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola …

    Notes de l’épisode

    Gammalegyptisk religion er blant dei eldste vi kjenner. Vi kan følgje han frå nesten 3000 før Kristus til rundt 500 etter. På den tida skjer det store endringar, og ein periode er det faktisk monoteisme. Sola er den viktigaste guden. Dette var før nokon hadde tenkt på coolcation. Men den livgjevande flaumen i Nilen var òg ein viktig guddom, og før verda var det eit urhav, som pyramidane stakk opp av. Sykliske vekslingar stod sentralt, mellom flaum og tørke, dag og natt, liv og død. Målet med døden var å bli ein del av den vekslinga.


    Innspela i Bergen 23.04.2026

  15. 113. Ord og tanke i det førmoderne jordbruket. Samtale med agronom Arne Vassenden

    1 h 37 minÉpisode 113

    Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har sin spesialiserte terminologi …

    Notes de l’épisode

    Som menneske er vi avhengige av å formidle til folk rundt oss kva vi driv med, kva vi har tenkt å gjera og korleis vi har tenkt det. Slik er det i moderne psykologi og IT, som har sin spesialiserte terminologi, og slik er det i tradisjonelt gardsarbeid. Det meste av terminologien der er ukjend for dei fleste i dag. Men ser vi nærare på han, så får vi gløtt inn i tankeverda til folk for lenge sidan. Terminologien er tankegang avleira gjennom hundrevis av generasjonar. Her skal vi sjå på dette i samanheng med tradisjonelt jordbruk særleg på Vestlandet.

    Andre stikkord: Nordhordland, Havråtunet, Osterøy, slåttelandskap, fôrsanking, lauving, never, bork, fisk, moldfôr, tang, lynghei, etymologi, stadnamn.

  16. 112. Namngjeving hos inntrengarar. Samtale med namnegranskar Peder Gammeltoft

    1 h 24 min

    Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fall med desse innlånte namna? …

    Notes de l’épisode

    Kva gjer folk for å få namn på stadene når dei kjem til eit nytt land? Gjev dei nye namn? Har dei med namn heimanfrå? Låner dei namn frå folk som bur der frå før? Kva skjer i så fall med desse innlånte namna? Kan dei endrast mykje? Låner ein kanskje inn stadnamn med omsetjing frå det lokale språket? Kva er ulikt når landet er bygd frå før og når det er folketomt? Var desse prosessane like i vikingtida og i europeisk kolonisering i moderne tid?

  17. 111. Den tapte gullalderen. Fjellbygdene, jarnvinna og marknader i høgfjellet. Samtale med arkeolog Kjetil Loftsgarden

    1 h 47 minÉpisode 111

    Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor …

    Notes de l’épisode

    Fjellbygdene i Sør-Noreg hadde ein gullalder fram til rundt 1300, der marknader i høgfjellet spela ei stor rolle. Kvifor var det slik, og kvifor tok det slutt? Kva var det slags gull dei hadde der oppe? Kor gjekk vegane opp dit, og mellom aust og vest? Kor høgt kunne folk møtast? Kva skjedde på marknadene, utover handel og slåsting? Og kva fortel folketradisjonane om den tapte gullalderen?


    Andre stikkord: Karneval, skeid, Hallingskeid, Nordmansslepa, Hæreid, Røldal, Kykjestølen, Filefjell, gravfelt, myrmalm.

  18. 110. Personnamn gjennom 2000 år. Samtale med forskar og kulturformidlar Krister Vasshus

    1 h 40 minÉpisode 110

    Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna …

    Notes de l’épisode

    Korleis tenkte folk når dei gav namn til ungane sine i gammal tid? Var det annleis enn i dag? Meinte dei bokstavleg at Stein var ein stein, eller Bjørn ein bjørn? Kvifor heitte ingen Tor eller Frøya? Kan namna fortelja noko om kultur og tankegang den gongen Var det mote i namneskikken? Lånte folk namn frå andre språk? Var det tankar om sjelevandring i namnevalet? Var det kjælenamn? Og kvifor var tilnamna ofte så ufine?

  19. 109. Baldermyten – sentral og tungforståeleg. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

    1 h 33 minÉpisode 109

    Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han …

    Notes de l’épisode

    Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han sommarvegetasjonen som visnar om hausten? Handlar myten om hemn innan familien? Er det eit innviingsritual? Og kva er poenget med mistelteinen, som Balder blir drepen med? Når vi kjem over på spørsmålet om kva Balder representerer, blir det ein samtale om grunnidear i norrøn mytologi og kva religion grunnleggjande sett er.

  20. 108. Frøy – fruktbarheitsgud, vernande konge eller begge delar? Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

    1 h 37 min

    Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for …

    Notes de l’épisode

    Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for sengehygge. Nyare forsking peikar på at Frøy hadde fleire sider, der herskargjerninga står sentralt, med krig og vern av lov, rett og kosmisk ordning. Javel, men kva har dette å gjera med intim omgang og vekst i planteriket?

  21. 107. Kva er poenget med namnegransking? Samtale med namnegranskar og språkhistorikar Kristin Bakken

    1 h 27 min

    Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i …

    Notes de l’épisode

    Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det blir ein del vitskapsteori, det blir ein del om haldninga til historiske disiplinar i humaniora i dag, og det blir ein del om stadnamn som kjelde til mentalitet i gammal tid. Ikkje minst blir det nokrepersonlege vitnemål.

  22. 106. Ganding i nordnorsk samtidskultur. Samtale med folklorist Stein Roar Mathisen

    1 h 2 minÉpisode 106

    I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding, eller å gande. Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den norrøne som vi snakka om i …

    Notes de l’épisode

    I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding, eller å gande. Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den norrøne som vi snakka om i episode 80. Men i vår tid har han teke ei heilt anna vending, som vi kan følgje i media dei siste tiåra. Det dreiar seg om å kaste vondt over, å få att tjuvgods, om inngrupper og utgrupper, og omvende maktrelasjonar.

  23. 105. Mote i gammal tid. Samtale med arkeolog Espen Kutschera og etnolog Lena Eikeland Kutschera

    1 h 34 min

    Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? …

    Notes de l’épisode

    Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? Eller kledde folk seg ufunksjonelt fordi dei meinte det såg stilig ut? – slik vi gjer i dag? Korleis fungerer klesdrakter frå førhistorisk tid for eit moderne menneske som prøver? Kva motiverer den som har smarttelefon til å drive med sånt?

    Innspela i Fana 10. desember 2025.

  24. 104. Oskoreia, Odens jakt, Das wütende Heer – indoeuropeisk arv? Samtale med arkeologane Anders Kaliff og Terje Østigård

    1 h 10 minÉpisode 104

    I Nord-europa har vi eit vidt utbreidd kompleks av segner og skikkar runt jul og vinterstormar. I Noreg Oskoreia, juleskreia, julereia m.m., i Sverige særleg Odens jakt, i Danmark Odinsjegeren, på tyskspråkleg …

    Notes de l’épisode

    I Nord-europa har vi eit vidt utbreidd kompleks av segner og skikkar runt jul og vinterstormar. I Noreg Oskoreia, juleskreia, julereia m.m., i Sverige særleg Odens jakt, i Danmark Odinsjegeren, på tyskspråkleg område Das wütende Heer eller Wode. Kva går desse tradisjonane ut på? Kan det vera slik at kjernen i dei er arv heilt frå det indoeuropeiske urfolket for 5000 år sidan?

    Innspela 25.11.2025

  25. 103. Runer del 2. Intervju med runolog Kristel Zilmer

    58 minÉpisode 103

    Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert …

    Notes de l’épisode

    Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.

    Her kjem del 2. Tunesteinen, Østfold. Holesteinen,Ringerike (Svingerudsteinen). Innskrifter frå Bryggen i Bergen, frå dagleglivet. Eldre og yngre runerekke. Løynruner / krypterte runer. Skriftkultur, munnleg eller skriftleg samfunn.

  26. 102. Runer del 1. Intervju med runolog Kristel Zilmer

    1 h 5 minÉpisode 102

    Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert …

    Notes de l’épisode

    Gammalnorsk rún tyder ‘løyndom’. Men kva er runer? Eit alfabet eller magiske teikn? Vart samfunnet skriftleg då runene kom? Eller var dette kunnskap for dei få? Visste du at det fanst eit eige kryptert runesystem? – eller at vi på Toten har ei lang vikingtidsinnskrift som fortel om krig i Ukraina? Her får du eit variert dryss av runeinnskrifter frå ein periode på 1500 år.

    Opptaket er delt i to. Her kjem del 1: Kva er runer? Utfordringar i runologien. Alstad 2 om Ukraina. Den nye hirila-innskrifta frå Fyn i Danmark. Runologiens fyrste lov. Eggjasteinen og religionshistorisk kjeldeproblematikk.

    Innspela i Oslo 27.10.2025.

  27. 101. Kjenningssystemet i skaldediktinga. Samtale med norrønfilolog Bianca Patria

    1 h 28 minÉpisode 101

    Skaldediktinga er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Sentralt i denne diktinga står eit svært omfattande system av omskrivingar, som vi kallar heite og kjenningar. Det er eit system av rebusar …

    Notes de l’épisode

    Skaldediktinga er Nordens mest originale bidrag til verdslitteraturen. Sentralt i denne diktinga står eit svært omfattande system av omskrivingar, som vi kallar heite og kjenningar. Det er eit system av rebusar og kinesiske esker. Diktarane skaper heile tida nye former innanfor eit system av reglar. Det er ein leik med tradisjonen, basert på mytologisk kunnskap. Her prøver vi å forklare dette systemet.

  28. 100. Forklaring før naturvitskap og psykologi

    58 minÉpisode 100

    I dag har fysikk, astronomi, geologi, medisin, psykologi og andre vitskapar gjeve oss enorm kunnskap om korleis verda og mennesket heng saman. Men trongen til å forstå og forklare, har vi alltid hatt. Kva slag …

    Notes de l’épisode

    I dag har fysikk, astronomi, geologi, medisin, psykologi og andre vitskapar gjeve oss enorm kunnskap om korleis verda og mennesket heng saman. Men trongen til å forstå og forklare, har vi alltid hatt. Kva slag forklaringar laga folk seg den tida kunnskapen mangla?

    Andre stikkord: Jutulhogget, fjellskred, lyn og torebrak / torden, dogg, opphavet til verda, spraking i elden, epilepsi,schizofreni, psykisk utviklingshemming, steinøks, dinosaurbein, segner, norrøn mytologi.

  29. 99: Mote i døden. Gravtypar gjennom 10 000 år. Intervju med arkeolog Frans-Arne Stylegar

    1 h 30 minÉpisode 99

    Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du …

    Notes de l’épisode

    Er det mote i døden? Ja, det ser sånn ut når vi følgjer gravskikken gjennom siste 10 000 år. Ein gravhaug er vel eingravhaug, og ei gravrøys er vel ei gravrøys? Nei, så enkelt er det nok ikkje. Kva ville du valt? -Med eller utan fotgrøft? Med bautastein? Kanskje stjerneforma steinlegging? På eit nes der alle som fór i båt kunne sjå deg? Eller på høgda ved tunet, der du kunne følgje med på tabbane svigersonen din gjorde?Kva gjorde dei som ikkje var bufaste, eller dei fattigaste? Var kristninga eit framsteg for den som skulle liggja i grav? Og kva gjorde sosialdemokratiet etter krigen med gravskikken?

  30. 98. Kva er eit vikingskip - eller ei stavkyrkje? Samtale med etnolog Terje Planke

    1 h 47 minÉpisode 98

    Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi …

    Notes de l’épisode

    Kva er eit vikingskip, eller ei stavkyrkje? Det er kanskje ein kopi av eit skip frå vikingtida, eller ei kyrkje frå … stavtida. Nja. Når vi ser nærare på det, så er det komplisert på mange måtar. Det skal vi grava oss ned i her. Kor sanne er skipa som står oppstilte på Bygdøy? Kor lite kan du ha bevart for å kunne rekonstruere noko? Er det nok at skipet kan spela rolla som vikingskip? Velkomen til det nye bunadspolitiet.

    Andre stikkord:Gokstadskipet, Osebergskipet, Bygdøy, Tuneskipet, Klåstadskipet, Skuldelev, Roskilde, Saga Oseberg, Draken Harald Hårfagre, Myklebustskipet, roskip, etymologi viking,Lothepus, Odda, bygningsvern, Gadamer.

Voici les 40 derniers épisodes sur 127. Les épisodes plus anciens se trouvent dans le flux du podcast.

C’est votre podcast ?

Confirmez-le avec une entrée dans votre flux : vous recevez ici un code, vous l’ajoutez comme podcast:txt dans le canal de votre flux, et nous le vérifions. Votre podcast apparaît ensuite comme « vérifié » sur SoundNode.

Paramètres

Affichage

Langue

Détermine les stations affichées en premier sur la page d’accueil.

Historique

Les stations et épisodes écoutés récemment et tes dernières recherches sont seulement enregistrés dans ce navigateur.

Notifications

Un court message quand un podcast que tu suis publie un nouvel épisode. Désactive un podcast précis avec la cloche sur sa page.

Compte

Enregistrez vos favoris – dans l’app et sur le site.

Raccourcis clavier

/
Ouvrir la recherche
Espace
Lecture ou pause
← →
Dans le lecteur : 15 s en arrière, 30 s en avant (épisodes) · dans une rangée : tuile suivante
↑ ↓
Dans une rangée : cible dans la tuile
Début / Fin
Dans une rangée : première ou dernière tuile
Esc
Fermer la fenêtre ou le menu
?
Cet aperçu
En cours de lecture

Voir la station

À suivre

    Ajoutez des épisodes avec « À suivre » – ils seront lus après l'épisode en cours.