
Bonde med KI som bestevenn
Show notes
Bjørg Risa skal bygge opp ein gard, studerer og etablerer firma. Lytt til Bondevennen podcast, og få med deg korleis ho prioriterer tida for å nå sine mål.
Du har kanskje allereie kjennskap til henne frå sosiale medium? I tillegg til å ha ansvar for å bygge opp eit gardsbruk startar ho firma innan profilering og marknadsføring, studerer økonomi på BI og går på Vinterlandbruksskulen. Sjølv meiner ho kunstig intelligens (KI) er som ein bestevenn å rekne, og trur teknologien veit meir om henne enn både venner og familie.
I denne episoden høyrer du henne i samtale med Bjørn Lende. Det er ikkje rart han spør: Har du fleire timar i døgnet enn andre? Her kan du hente både tips til korleis KI kan hjelpe deg med effektivisering av kvardagen, og inspirasjon til å kaste seg ut i nye utfordringar.
Podcasten Bondevennen er sponsa av BondeKompaniet.
Hosted on Acast. See acast.com/privacy for more information.