Skip to content

Forfattersamtale med Sergej Lebedev

May 12, 2026 · 1 h 1 min

Show notes

Med Sergej Lebedev og Ingunn Lunde ​Sergej Lebedev (f. 1981) er ein av Russlands mest internasjonalt kjende samtidsforfattarar, i tillegg til å vere journalist og redaktør. Han debuterte som romanforfattar i 2010 og bøkene hans er omsette til meir enn tjue språk. Den nyaste romanen, Belaja dama, kom ut på russisk i 2025 og blei utgitt på norsk same året i Ingunn Lunde si omsetjing. Eit gjennomgåande tema i Lebedevs bøker er Stalintida og korleis Russland er prega av at verken samfunn eller styresmakter har tatt eit oppgjer med den totalitære fortida. Blant dagens russiske forfattarar har Lebedev vore ein av dei som tydelegast og lengst har kritisert Putin-regimets autoritære maktutøving. Han har dei siste åra vore busett i Berlin. I romanen Damen i hvitt tar Lebedev oss tilbake til starten av Russland sin krig mot Ukraina, då Donbas blei okkupert. Handlinga spenner over fem dagar i juli 2014 i gruvelandsbyen Marat. Fiendar av styresmaktene er blitt likviderte og dumpa, lik etter lik, i landsbyens gruvesjakt og mellom anna slik avdekker romanen dei mørke kreftene som driver Putins Russland i dag. Høyr Lebedev fortelje om Damen i hvitt og om vald og kriminalitet i det russiske regimet i fortid og notid. Samtaleleiar er Ingunn Lunde, professor i russisk språk og litteratur ved Universitetet i Bergen.

All episodes of LittPod

Settings

Display

Language

Decides which stations you see first on the home page.

History

Recently played stations and episodes and your latest searches are only stored in this browser.

Notifications

A short notice when a podcast you follow has a new episode. Turn off single podcasts with the bell on their page.

Account

Save favorites – in the app and on the website.

Keyboard shortcuts

/
Open search
Space
Play or pause
← →
In the player: back 15 s, forward 30 s (episodes) · in a row: next tile
↑ ↓
In a row: target within the tile
Home / End
In a row: first or last tile
Esc
Close window or menu
?
This overview
Now playing

Go to station page

Play next

    Add episodes with “Play next” – they play after the current episode.